spacerMeny spacer
spacer
   
Publisert 30.01.2017
Masseutskifting - Utviding Førde gravplass

Vassbakk og Stol er nå godt i gong med masseutskiftinga for utvidinga av gravplassen i Førde.  Massen må skiftast ut då den består av leire og silt. Den vil bli erstatta med drenerande massar. Og på deler av eksisterande gravplass vart det gjort masseutskifting på 1980 talet.

Det nye feltet er planlagt ferdigstillt i løpet av 2017. Det skal gje plass til omlag 260 kistegraver og 129 urnegraver. Urnegravene er fordelt på vanlege graver der kvar enkelt får gravstein og ein namna minnelund.

Det er og planlagt at parkeringsplassen vert utvida noko.

I tilllegg vert arealet rundt kyrkja oppgradert for å gje god tilgang til både kyrkja og gravplassen.

Teikningar (PDF, 4 MB)

Publisert 25.11.2016
Kristurfigur i Førde

Søndag 27. november, den første søndagen i advent, lanserer Kirkerådet en digital bønnevegg på kirken.no/be

 

På kirkens nye bønnevegg kan man dele glede, frykt, uro eller lengsel gjennom å skrive en bønn eller tenne et digitalt lys.

 

«I tillegg til alle de personlige møtene som skjer i kirker over hele landet, ønsker vi også tilby et digitalt kirkerom. Det er ikke alle som vil eller kan oppsøke en kirke. Det ser vi ikke minst på våre Facebook-sider, der stadig flere mennesker deler tanker, tro og undring eller stiller spørsmål. Derfor har vi ønsket å åpne opp for at de som ønsker det, også kan dele bønner og tenne lys digitalt», sier Ingeborg Dybvig, kommunikasjonsdirektør i Kirkerådet.

 

 

 

 

Publisert 21.10.2016
Førde Kyrkje med gravplass

 

Nå er det straks klart for oppstart av arbeidet med å utvida gravplassen ved Førde kyrkje. Sveio kommune har tildelt hovedkontrakten til Vassbakk og Stol, avd Staupe.  Det var i alt 6 firma som leverte anbud på arbeidet.

Vassbakk og Stol planlegg oppstart i løpet av november. Arbeidet skal fullførast i løpet av første halvår 2017.

Bakgrunnen for utvidinga er at det nå er få graver som er ledige på eksisterande gravplass.

Gravplassen skal utvidast i aust, bak kyrkja og eksisterande gravplass. Her skal det skiftast ut massar då det er mykje leirholdig silt i massane. Desse skal erstattast med drenerande massar. Matjorda skal tas vare på og brukast i det ferdige anlegget.

I anleggsperioden vil det vera eit tett samarbeid mellom entreprenør,kommune og kyrkjetilsette.

Det er NorConsult ved Anne Irgens som har prosjektert utvidinga.

Publisert 21.07.2016
Sveio Kyrkje Vest

 

 

Malararbeidet på tårnet i Sveio er nå ferdig. Det viser seg at det er brukt matrialer av god kvalitet på veggen så det blei ikkje nødvendig å skifta meir enn eit kledningsbord. Derimot måtte nederste delen av søylene ved hovuddøra skiftast. Her var det til dels svært rote.

NST- Byggservice har hatt oppdraget med å mala vestveggen av tårnet. Det vart først vaska og skrapa mv. Deretter vart det grunna og malt to strøk med linoljemaling.

Det er framleis vedlikehaldsbehov på kyrkja, særleg er det ein del vinduer som har behov for til dels omfattande vedlikehald. Dette må tas på eit seinare tidspunkt. Det vil og etter planen bli gjort noko arbeid på taket seinare i år.

Publisert 08.06.2016

Ein bilnøkkel vart i dag 8. juni,  funnen på gravplassen i Sveio, den ved Fjellstad.

Ta kontakt med servicetorget i kommunen.  Dei har nøkkelen.  

Publisert 06.06.2016
Soknehus - første spadetak orientering ved Per Bjørn Habbestad

 

 

 

Ordførar Jorunn Skåden tok i dag første spadetak for det nye soknehuset. Nærare 40 personar hadde møtt opp på tomta i dag for å markera oppstarten. Soknehusbygginga har ein amisisøs framdriftsplan og skal stå ferdig innan 22. desember.  

Publisert 17.12.2015
Sveio kyrkje

Her er ein kort oversikt over kva som skjer i kyrkjene for barn og unge utover vinter og vår;

 

 

 Trykk på "Les meir" nedanfor

Publisert 21.08.2014
Facebook

Kyrkja er å finne på facebook. Her ligger det info om gudstenester og man får vite litt om hva som skjer i menighetene våre.

www.facebook.com/groups/kyrkjaisveio

Publisert 21.08.2014

Men skal me kunna handla, må me ha noko å "handla for". Det trengst gode gåver for å få prosjektet i hamn.
Kva med ei julegåve til bygdene og oss sjølv?
Gåver til soknehuset gjev rett til frådrag i skatten. For gåver opp til 12.000 kroner til slike gode føremål sparer du 28 % skatt. Ei gåve på t.d. 10.000 kostar dermed ikkje meir enn 7.200 kroner for gjevaren. Stilig! Alle gåver frå 500 kr. og oppover gjev denne retten.

   

Kontaktinformasjon

Kyrkjeverje Ottar Krakk
Sveiogata 70 - Kommunehuset Postboks 65
5559 Sveio
E-post : kyrkja@sveio.kommune.no
Telefon
: 53 74 84 20

Mobil
: 932 16644
Org.nr.
: 976994574
Kontonr.
: 32400887674
Opningstid
: Tysdag, Onsdag og Torsdag 10-1400
Levert av ACOS AS
Sveio sokn