spacerMeny spacer
spacer
   

Bygg soknehus – spar skatt!

Men skal me kunna handla, må me ha noko å "handla for". Det trengst gode gåver for å få prosjektet i hamn.
Kva med ei julegåve til bygdene og oss sjølv?
Gåver til soknehuset gjev rett til frådrag i skatten. For gåver opp til 12.000 kroner til slike gode føremål sparer du 28 % skatt. Ei gåve på t.d. 10.000 kostar dermed ikkje meir enn 7.200 kroner for gjevaren. Stilig! Alle gåver frå 500 kr. og oppover gjev denne retten.

No byrjar det å verta skikkeleg fint ved Sveio kyrkje! Etter eit storarbeid av Lars Staupe sine folk stig den nye gravplassen med minnelund, parkanlegg, vakre murar og parkeringsplass fram. Anlegget er velforma, og det vil tena sveibuen i lange tider. Det kjem også i "grevens tid", for no er det trongt på den gamle kyrkjegarden.

Men det nye, vakre anlegget skal knytast like mykje til livet og framtida som til døden. For her ligg tomten til det nye soknehuset ferdig planert og tilknytt nødvendig røyrnett! Der skal det reisast eit viktig bygg som yrer av friskt liv; ein åndeleg verkstad og veksestad både for unge og gamle. Me er visse på at dette huset vil verta til stor velsigning for heile Sveio, frå Tittelsnes i nord til fylkesgrensa i sør!

Ein entusiastisk huskomité var nyleg på ekskursjon til Ølen. Der har dei nemleg reist seg eit tilsvarande bygg. Komiteen vart begeistra over det ølensbuen hadde fått til, og byggeiveren vart ikkje nett mindre. Dette skal også me få til, - ingen tvil! Og det må ikkje skytast ut i det blå. Me må handla no!

Men skal me kunna handla, må me ha noko å "handla for". Det trengst gode gåver for å få prosjektet i hamn.

Kva med ei julegåve til bygdene og oss sjølv?

Gåver til soknehuset gjev rett til frådrag i skatten. For gåver opp til 12.000 kroner til slike gode føremål sparer du 28 % skatt. Ei gåve på t.d. 10.000 kostar dermed ikkje meir enn 7.200 kroner for gjevaren. Stilig! Alle gåver frå 500 kr. og oppover gjev denne retten.

   

Kontaktinformasjon

Kyrkjeverje Ottar Krakk
Steinhaugvegen 10 - Soknehuset Postboks 65
5559 Sveio
E-post : kyrkja@sveio.kommune.no
Telefon
: 53 74 84 20

Mobil
: 932 16644
Org.nr.
: 976994574
Kontonr.
: 32400887674
Opningstid
: Tysdag, Onsdag og Torsdag 10-1400
Levert av ACOS AS
Sveio sokn