spacerMeny spacer
spacer
   

Førde Gravplass - klart for utviding

Førde Kyrkje med gravplass - Klikk for stort bilete

 

Nå er det straks klart for oppstart av arbeidet med å utvida gravplassen ved Førde kyrkje. Sveio kommune har tildelt hovedkontrakten til Vassbakk og Stol, avd Staupe.  Det var i alt 6 firma som leverte anbud på arbeidet.

Vassbakk og Stol planlegg oppstart i løpet av november. Arbeidet skal fullførast i løpet av første halvår 2017.

Bakgrunnen for utvidinga er at det nå er få graver som er ledige på eksisterande gravplass.

Gravplassen skal utvidast i aust, bak kyrkja og eksisterande gravplass. Her skal det skiftast ut massar då det er mykje leirholdig silt i massane. Desse skal erstattast med drenerande massar. Matjorda skal tas vare på og brukast i det ferdige anlegget.

I anleggsperioden vil det vera eit tett samarbeid mellom entreprenør,kommune og kyrkjetilsette.

Det er NorConsult ved Anne Irgens som har prosjektert utvidinga.

Publisert av Ottar Krakk. Sist endra 21.10.2016
   

Kontaktinformasjon

Kyrkjeverje Ottar Krakk
Steinhaugvegen 10 - Soknehuset Postboks 65
5559 Sveio
E-post : kyrkja@sveio.kommune.no
Telefon
: 53 74 84 20

Mobil
: 932 16644
Org.nr.
: 976994574
Kontonr.
: 32400887674
Opningstid
: Tysdag, Onsdag og Torsdag 10-1400
Levert av ACOS AS
Sveio sokn