spacerMeny spacer
spacer
   

Valen kapell

Valen kapell | Fotograf: Geir Ragnhildstveit
Valen kapell 2 fotograf Geir Ragnhildstveit
Valen kapell
Valen har truleg vore kyrkjestad frå før 1350, og noverande kapell, bygd som soknekyrkje i 1707 erstatta ei gamal stavkyrkje som stod på staden.
Opp gjennom historia har kapellet vore flytta fleire gonger og hatt ulike eigarar. Etter at Kong Fredrik den 4. selde kyrkja i 1723, skifta ho eigar ei rekkje gonger, før soknet vederlagsfritt fekk kyrkja si tilbake i 1830.
I 1872 vart ho erstatta av ei ny og større kyrkje på Ulveraker, noverande Valestrand kulturkyrkje.

Kapellet vart rive i 1874 og bygd opp att som skule
i Ørevik. I 1938 fekk Ørevik krins ny skule, og i
1940 vart gamleskulen riven og ført opp att som
kapell på Valen. "Det var lærar
og ordførar Elling Horneland som saman med andre har æra for at det framleis
er noko att av gamlekyrkja Byggmester Erik Kvammen sette opp kapellet
gratis." Nyvigslinga fann stad 31. juli 1949.
Den verdskjende komponisten Fartein Valen
(1887 – 1952) ligg gravlagt i det nordvestre hjørnet av gravplassen ved kapellet. På gravplassen finn me også gravene til foreldra til Fartein Valen, misjonsprest Arne Valen og kona Dorthea.
Minnesteinen over han er reist av den norske komponistforeining med eit relieff av bilethoggaren Ottar Espeland.

   

Kontaktinformasjon

Kyrkjeverje Ottar Krakk
Steinhaugvegen 10 - Soknehuset Postboks 65
5559 Sveio
E-post : kyrkja@sveio.kommune.no
Telefon
: 53 74 84 20

Mobil
: 932 16644
Org.nr.
: 976994574
Kontonr.
: 32400887674
Opningstid
: Tysdag, Onsdag og Torsdag 10-1400
Levert av ACOS AS
Sveio sokn