spacerMeny spacer
spacer
   

Valestrand kyrkje

Valestrand kulturkyrkje - Klikk for stort bilete

Valestrand kyrkje

Publisert av Eva Birkeland. Sist endra 22.03.2016

Valestrand kyrkje er ei ordinær kvitmalt trekyrkje frå 1872.
Kyrkja vart vigsla i 1873 arkitekt var O.Wangberg.
Kyrkja har eit lite galleri bak. Her finn vi Fartein Valen
sitt minneorgel, bygd av det nederlandske firmaet Gebr
von Vulpen i 1987.

Kyrkja hadde totalt 480 sitjeplassar i 1873. Fleire endringar
gjer at i dag har kyrkja plass til mellom 300 og 350 personar.
Altertavla vart bygd i 1873. Motivet er: ”Herre frels meg”
frå Matt. 14.30.
Preikestolen og døypefonten er og frå 1873, medan kyrkjeklokkene, laga av Henrich Grøtche, er frå 1810.

Kyrkja vart pussa opp innvendig til 100årsjubileet i 1973.
Arbeidet var prosjektert av arkitekt Lodvar P.HessebergDet vart sett oppglasmaleri i skipet.

Frå 1.1.2004 fekk kyrkja status som kulturkyrkje i tillegg til soknekyrkje, Kulturkyrkja er ein del av Fartein Valen sitt landsakp i lag med komponistheimen, Valen kapell og kolerakyrkjegraden i Leirvåg. Desse er på Samarbeidsrådet for Sunnhordland si liste over godkjente regionale kulturanlegg. Les meir på www.kulturkyrkja.no

   

Kontaktinformasjon

Kyrkjeverje Ottar Krakk
Steinhaugvegen 10 - Soknehuset Postboks 65
5559 Sveio
E-post : kyrkja@sveio.kommune.no
Telefon
: 53 74 84 20

Mobil
: 932 16644
Org.nr.
: 976994574
Kontonr.
: 32400887674
Opningstid
: Tysdag, Onsdag og Torsdag 10-1400
Levert av ACOS AS
Sveio sokn