spacerMeny spacer
spacer
   

Utviding av Gravplassen i Førde

Fotografert 26.01.2017 - Klikk for stort bilete Vassbakk og Stol er nå godt i gong med masseutskiftinga for utvidinga av gravplassen i Førde.  Massen må skiftast ut då den består av leire og silt. Den vil bli erstatta med drenerande massar. Og på deler av eksisterande gravplass vart det gjort masseutskifting på 1980 talet.

Det nye feltet er planlagt ferdigstillt i løpet av 2017. Det skal gje plass til omlag 260 kistegraver og 129 urnegraver. Urnegravene er fordelt på vanlege graver der kvar enkelt får gravstein og ein namna minnelund.

Det er og planlagt at parkeringsplassen vert utvida noko.

I tilllegg vert arealet rundt kyrkja oppgradert for å gje god tilgang til både kyrkja og gravplassen.

Teikningar (PDF, 4 MB)

Publisert av Ottar Krakk. Sist endra 30.01.2017
   

Kontaktinformasjon

Kyrkjeverje Ottar Krakk
Steinhaugvegen 10 - Soknehuset Postboks 65
5559 Sveio
E-post : kyrkja@sveio.kommune.no
Telefon
: 53 74 84 20

Mobil
: 932 16644
Org.nr.
: 976994574
Kontonr.
: 32400887674
Opningstid
: Tysdag, Onsdag og Torsdag 10-1400
Levert av ACOS AS
Sveio sokn