Nystemtgitarist med eigen turne - "Dag for Dag".
Jon Martin Skauge har gjennom mange år vore ein svært ettertrakta gitarist for Rune Larsen og andre i programserien Nystemt i Nøsteboden på NRK1 og juleturnéen Nystemt til jul.
Jon Martin Skauge
Nystemtgitarist med eigen turne - "Dag for Dag"
Jon Martin Skauge har gjennom mange år vore ein svært ettertrakta gitarist for Rune Larsen og andre i programserien Nystemt i Nøsteboden på NRK1 og juleturnéen Nystemt til jul. I tillegg til gitarspelet er han ein erfaren komponist med ein unik musikalitet, og forutan eminent gitarspel får du servert meiningsmetna tekstar på nynorsk i ei melodiøs innpakning. Jon Martin appellerer til mange med sin ujålete, ærlege og humoristiske stil. Songane hans fortel om eit levd liv, og han byr raust på seg sjølv frå scena. Ein konsert med Jon Martin får fart på både smileband og tårekanalar.