

Sveio kyrkje ligg sentralt i Sveio sentrum og er hovudkyrkja i Sveio sokn. Den kvitmåla trekyrkja vart vigsla i 1858 og har lange tradisjonar som samlingsstad for bygda. Kyrkja er kjend for sitt lyse og vakre kyrkjerom, og er ein viktig stad for gudstenester, dåp, konfirmasjonar, vigsler og konsertar.
Så vidt ein veit har det vore 3 kyrkjer i Sveio sokn. Den første var ei stavkyrkje bygd på 11-hundretalet. Ho stod ved Tjernagelvegen eit steinkast frå Himigardstunet. I skrift blei ho kalla Svidu kyrkja. Den andre kyrkja blei reist i 1668 litt vestanfor den første, der den gamle kyrkjegarden framleis ligg. Folketalet var på denne tida omlag 700 i sokna. Skipet var 18 alner langt og 15 alner breitt, og våpenhuset 5 alner i kvar kant. I midten av 18-hundretalet var folketalet aukat til omlag 2000, og kyrkja var altfor lita, dessutan var ho til nedfalls. Cand. teol. Andreas Grønning laga då teikningar til ny kyrkje, og det er den vi framleis har. Jocum Haukås tok på seg murarbeidet i lag med sonen Johannes. Før han tok til med arbeidet, la han seg på kne og bad Gud velsigna kyrkja som nå skulle førast opp. Såleis fekk kyrkjestaden si første vigsling.
Tømmeret blei hogge i Hopsskogen og i Røykenesskogen og skore i Bårvåg og på Røykenes. Det blei flota på Ålfjorden fram til Fjon og vidare over Vigdarvatnet til Sveio. Taksteinen blei ført til Eltravåg og boren på dugnad vidare til kyrkja. Skipet er 21,58 m. langt og 12,80 m. breitt. Koret er 8,30 m. x 6,55 m., og tårnet har ei grunnflate på 5,30 m. x 5,05 m. Kyrkja har omlag 630 sitjeplassar. Døypefonten er halden i empirestil med rundt rifla fotstykke. Preikestolen er i same stilen. Altarbordet er uvanleg breitt og med brotne hjørner. Altartavla har som hovudmotiv eit stort målarstykke — kopi av «Jesu dåp» av Adolph Tidemand. Under dette er måla ein kopi av «Nattverden» av Leonardo da Vinci. Ovanfor hovudmotivet finn ein målarstykke med motiv frå krossfestinga, oppstoda og himmelferda.
Den 22. august 1858 var det stor stas då den nye kyrkja blei høgtideleg vigsla ved biskop Kaurin. Av gamle ting frå tidlegare kyrkjer kan ein framleis finna i kyrkja: Eit døypefat av stein, alder ukjent, eit døypefat av kopar og messing — tre, fire hundre år gammalt, ei blikklykt omlag tre hundre år og to skuffer med handtak som blei nytta til innsamling av kollekt. På den eine av desse står årstalet 1678, og på den andre 1721. På denne siste står innskrifta: «Gif ok eder skal gifes». Dessutan er her ein messehakel som er over hundre år gammal, ein Brochmanns huspostille frå 1764 og ein bibel frå 1874. Dei to kyrkjeklokkene frå gamlekyrkja var små, og dessutan er det seinare komne ei sprekke i den eine. I 1966 blei det då hengt opp nye og større klokker. På den største er sett eit ornament: Jesus på krossen, og med denne innskripsjonen: «Eg kallar på gamal og ung». På den andre er nytta monogrammet: «Kristus er konge», og med innskripsjonen: «Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til æveleg tid». Ein privatperson i Sveio gav midler til innkjøp av elektriske ringemaskinar i samband med montering av dei nye klokkene.
Søndag 14. september 1958 var det 100-års høgtid for kyrkja.
