
Valen kapell vart reist i 1949 på den gamle kyrkjestaden til Valestrand. Kapellet er bygd med materiale og inventar frå den tidlegare kyrkja frå 1707, og ber med seg mykje lokal historie og identitet. Den vesle kyrkja skapar ei nær og stemningsfull ramme rundt gudstenester og samlingar.
HISTORIE:
Valen kapell ligg på den gamle kyrkjestaden som truleg hadde kyrkje alt før år 1350. Første skriftlege rapport om kyrkje på staden er frå kyrkjerekneskapen frå 1567. Seinare gav prestearkivet sine kyrkjestolsbøker ryddige oversikter over inventar og vedlikehald.
Vedlikehaldet var kanskje ikkje godt nok, for då noverande kapell vart bygd, kom denne rapporten: «Saasom denne Kirche var ene megit ældgammel StaveBygning, som gandssche var forfalden och aldeelis ubrugelig, er den efter høy øfrigheds Resolution och befaling nedtaget og igien opsat och forferdiget en ny bygning af Tømmer hvortil er forschafet effterschrevne Materialer:» I åra framover fylgjer ei lang liste over tømmer, sperr, bjelkar, «egenagler», bord m.m., inkludert «et nyt fuldkommen Laass», alt nøye kostnadsrekna.
Den nye kyrkja vart bygd i år 1707, ei enkel tømmerkyrkje utan tårn og med gravkjellar under. Den tente kyrkjelyden fram til 1872, då ei ny kyrkje vart reist på Ulveraker, som ligg mykje meir sentralt i bygda. Om flyttinga heiter det: «Frå gamlekyrkja vart henta alt som kunne tena: Klokke, ljosekruna, ljosestakar, disk og kalk.» Og i 1874 vart gamlekyrkja riven og sett opp att som skulehus i Ørevik. Noko av materialane vart òg brukte i løa på klokkargarden i Valestrand. Gravplassen vart halden open for nordste delen av soknet. Så, i 1938, fekk Ørevik nytt skulehus, og i 1940 vart gamlekyrkja riven for andre gong. Då gjorde kommunen det slik at kyrkjetømmeret vart ført tilbake til Valen og reist opp att på sin gamle plass. Rett nok vart stokkane kappa då kyrkja vart skulehus, så kapellet som no står er mindre enn den gamle kyrkja. Tømmeret vart i tillegg blanda, så rosemålinga i kyrkjeskipet har liten samanheng.
Resten av den innvendige restaureringa tok lang tid. Ei eiga restaureringsnemnd; Olav Valen, Edvard Bruvik og Elling Horneland, i samarbeid med prost Lauvås, stod for arbeidet, i nær kontakt med riksantikvar, kyrkjekonsulent, arkitekt og kyrkjemålar. Gamlekyrkja vart vigsla att av biskop Indrebø, 31. juli 1949. Til stades var prestane Lauvås (Sveio), Bjørlykke (Fitjar), Mjøs (Stord), Storeide (Finnås), Hovda (Fana) og Koren (Oslo).
Ved restaureringa fekk kapellet tilbake noko av inventaret som hadde stått i kyrkja frå 1707. Over alteret står eit stort bilete av Kristus for Pilatus, malt av kunstnarpresten Didrik Muus, prest til Stord og Valestrand 1686–1706. Muus skar og ei kunstferdig rame til biletet, men den er diverre borte. På alteret ligg eit «Flosses alterklede, med Sølfkniplinger om, forærit af Fogdens Kieriste madam. Christine Kortkamps». Fogden sitt namn var Falch Larsen Dahlhoff. Midt på fotstykket er det broderte våpenmerke i gull og silke. Det eine forestiller ein falk, det andre tre stjerner og ei krune. Det er og brodert initialane F.L.D. og C.K.K., saman med årstalet 1695. Preikestolen, som var kateter då kyrkja var skulehus, er av eik. Og døypefat m.m. er og frå gamlekyrkja. Andre ting er forsvunne: Dei dreia søylene på kvar side av koropninga, døypefonten, eit Mariabilete, knelebenken m.m.