Sveiokyrkja > Artikler > Artikkeldetaljer


Ny Dirigent for Aspirant- og Barnekoret i Sveio.


Då er det ei glede for oss å informera om at Serine King Johannessen blir den nye dirigenten for barnekoret. Serine har bachelorutdanning i song fra konservatoriet i Stavanger, og ho har tidlegare dirigert vaksenkor og leia korgrupper for barn. Som barn song ho i barnekoret her i Sveio, under leiing av Ingrid. Me ønskjer Serine velkomen som dirigent og har stor tru på at ho og Sigbjørn blir eit fantastisk leiarteam for dei flotte og flinke borna i koret vårt.

Første øvingsdag i haust blir torsdag 3.september.

Sveio barnekor er for barn frå 1.-7. klasse frå heile kommunen. Barnekoret øver i Sveio kyrkje om torsdagane. Aspirantane (1.-2. klassingane) øver frå 17.45-18.25, og barnekoret (3.-7. klassingane) øver frå 18.30-19.30. Kom på korøving, få nye vener, ver med på å skape fin og variert musikk i eit trygt miljø. Kyrkjelydane i Sveio står for tilbodet.Ta kontakt med dirigent om du har spørsmål eller barnet ditt ønskje å bli med i eit av kora.

VI ønskjer at flest muleg skal få delta - så vi har derfor ein lav medlemskontingent på kr 250,00 pr halvår.

 

Kontakt: Serine King Johannessen, mob 90186212

E-post: serineking@gmail.com

Sveio kyrkjekontor: 53 74 84 20.

Nettstad: sveiokyrkja.no

 

Tilbake