Det er ei glede for oss å informera om at Serine King Johannessen blir den nye dirigenten for barnekora. Serine har bachelorutdanning i song fra konservatoriet i Stavanger, og ho har tidlegare dirigert vaksenkor og leia korgrupper for barn. Som barn song ho i barnekoret her i Sveio, under leiing av Ingrid. Me ønskjer Serine velkomen som dirigent og har stor tru på at ho og Sigbjørn blir eit godt leiarteam for dei flotte og flinke borna i kora våre.
Første øvingsdag i haust blir torsdag 3.september.
Sveio barnekor er for barn frå 1.-7. klasse frå heile kommunen. Barnekora øve i Sveio kyrkje om torsdagane. Aspirantane (1.-2. klassingane) øve frå 17.45-18.25, og barnekoret (3.-7. klassingane) øve frå 18.30-19.30. Kom på korøving, få nye vener og ver med på å skape eit kjekt og trygt kormiljø. Kyrkjelydane i Sveio står for tilbodet.Ta kontakt med dirigent om du har spørsmål eller barnet ditt ønskje å bli med i eit av kora.
Vi ønskjer at flest muleg skal få delta - så vi har derfor ein lav medlemskontingent på kr 250,00 pr halvår.
Kontakt: Serine King Johannessen, mob 90186212
E-post: serineking@gmail.com
Sveio kyrkjekontor: 53 74 84 20.
Nettstad: sveiokyrkja.no